Endeleg BankID på nynorsk

I 20 år har BankID vore tilgjengeleg på bokmål og engelsk. Etter ein god laginnsats frå BankID-teamet er nynorsk no eit alternativ for dei som ønskjer det. 
KRY STRYNING: Ida Håvik, leiar for Marked og Kommunikasjon i BankID BankAxept, brenn for eiga målform i BankID. | Foto: BankID BankAxept
KRY STRYNING: Ida Håvik, leiar for Marked og Kommunikasjon i BankID BankAxept, brenn for eiga målform i BankID. | Foto: BankID BankAxept

Ida Håvik, leiar for Marked og Kommunikasjon i BankID BankAxept, er svært nøgd:

– Det var ei glede at BankID endeleg kom på nynorsk. Eg håpar alle er nøgde med omsetjinga og kjenner at innlogginga no vert nærare og meir hyggeleg for alle oss som elskar denne målforma vi er fødde inn i, seier ho i ei pressemelding. 

I meldinga uttrykkar Margrete Kvarenes, avdelingsdirektør for språk og skule og offentlig forvaltning i Språkrådet, glede over nyheita. Også digitaliseringdirektoratet, som er ansvarlig for dei digitale fellesløysningane i det offentliege, tykkjer endringa er viktig. 

– Vi i Digitaliseringsdirektoratet er glade for at BankID no oppfyller intensjonen i Språklova om at bokmål og nynorsk skal vere likeverdige og jamnstilte skriftspråk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet. Det er viktig at brukarane no kan velje det skriftspråket dei ønskjer i ei så viktig teneste som BankID, seier Nina Olsen Munthe, avdelingsleiar for fellesløysingar og ansvarleg for ID-porten.

For å feire at BankID er tilgjengeleg på nynorsk, vil heile Noreg få kodeorda på nynorsk i BankID-appen ei periode framover.

Del artikkel

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Vær i forkant av utviklingen. Få informasjon om det siste fra bransjen med vårt nyhetsbrev.

Vilkår for nyhetsbrev

Forsiden akkurat nå

Les også