Nytt rekordår for Etne Sparebank  

Framgangen skuldast ekstraordinære inntekter og ekstraordinær avkastning frå overskotslikviditet.
Rune Ramsvik, banksjef Etne Sparebank. | Foto: Etne Sparebank
Rune Ramsvik, banksjef Etne Sparebank. | Foto: Etne Sparebank

Etne Sparebank leverte eit resultat etter skatt på 29,6 millionar kroner i 2020, ein auke på 12 millionar kroner frå rekordåret 2019.   

– Det gode resultatet er eit resultat av dyktige og motiverte tilsette, som har gjort ein framifrå jobb også dette året, seier banksjef Rune Ramsvik i ei pressemelding. 

Netto renteinntekter var 32,7 millionar kroner i 2020 mot 31,8 millionar kroner. Resultat før skatt var 36,8 millionar kroner. Rein kjernekapitaldekning konsolidert var ved årsskifte på 16,7 prosent, opp frå 16,4 prosent ved utgangen av 2019. 

Utlånsveksten i 2020 var 1,7 prosent inkludert overføringar til bustadkreditt, medan innskotsveksten var 2,1 prosent. 1 million kroner av resultatet er avsett til gåvefond. 

Resultatframgangen frå 2019 skuldast hovudsakleg ekstraordinære inntekter i samband med verdioppskriving av banken sine strategiske aksjar i produktselskapa, ekstraordinær avkastning frå overskotslikviditet, blant anna plassert i Heimdal Høyrente og god auke i provisjonsinntekter frå banken sine produktselskap. 

Lukkast med Heimdalsatsing

– Banken si satsing på Heimdalfondene har ein også lukkast svært godt med siste året. Heimdalfondene hadde ein vekst på 404 kundar og 415 millionar kroner i 2020. På dei to første månadane i 2021 har Heimdalfondene hatt ein vekst på om lag 110 millionar kroner. Totalt har Heimdalfondene 970 millionar kroner til forvaltning, fordelt på 1.013 kundar, opplyser banken.  

God kostnadsstyring medførte ingen auke i driftskostnadane det siste året, men noko auka avsetningar til tap bidrog negativt med kr 2,8 millionar kroner.   

Brutto utlån auka med 1,7 prosent i 2020 og forvaltningskapitalen er no over 2,8 milliardar kroner. 

Banken er framleis i prosess med Tysnes Sparebank med intensjon om å slå saman bankane.  

Del artikkel

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Vær i forkant av utviklingen. Få informasjon om det siste fra bransjen med vårt nyhetsbrev.

Vilkår for nyhetsbrev

Forsiden akkurat nå

Les også