Resultatoppgang for Sparebank1 Modum

Sparebank1 Modum-konsernet melder om eit redusert resultat før skatt i 2020, men i fjerde kvartal er resultatet opp 26 millionar kroner.

Sparebank1 Modum-konsernet melder om eit resultat før skatt på 160 millionar kroner for 2020, ned frå 184,5 millionar kroner i 2019. 

Eigenkapitalavkastning før skatt var på 11,4 prosent i 2020, ned frå 14,5 prosent i 2019. 

Resultat før skatt i fjerde kvartal var 40,4 millionar kroner, opp frå 26 millionar kroner same kvartal i 2019.  

Netto renteinntekter enda på 152 millionar kroner i 2020, ein reduksjon på 17 millionar kroner samanlikna med 2019.  

Utlånsvekst siste 12 månader var negativ med 0,3 prosent, mot ein vekst på 7,6 prosent i 2019. Innskotsveksten siste 12 månader auka med 12,2 prosent i 2020, samanlikna med 5,7 prosent året før. 

Konsernet hadde netto tap på utlån og garantiar på 11,1 millionar kroner i fjor, ein auke frå 6,8 millionar kroner i 2019. Tapskostnader er relatert til endring i individuelle nedskrivingar, netto konstaterte tap og endring i IFRS 9-avsetningane. Individuelle nedskrivingar har auka med 1,7 millionar kroner, medan IFRS 9-avsetningane er auka med 2 millionar kroner.  

Styret føreslår eit kontantutbytte for 2020 på 4 kroner per eigenkapitalbevis, noko som betyr eit samla utbytte på 10 millionar kroner. Av årsoverskotet på 101,5 millionar kroner er ytterlegare 10 millionar kroner avsett til gåver. 

Del artikkel

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Vær i forkant av utviklingen. Få informasjon om det siste fra bransjen med vårt nyhetsbrev.

Vilkår for nyhetsbrev

Forsiden akkurat nå

Les også