Har aldri opplevd mindre misleghald og overterkk enn i 2020

Etter ein litt treg start på året henta SpareBank 1 Søre Sunnmøre seg inn igjen og nådde budsjetta. 
Stig Brautaset, administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.
Stig Brautaset, administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

– Vi har ikkje opplevd ein koronakonkurs og har aldri opplevd så lite misleghald og overtrekk som i fjor. Bedriftene har vore flinke til å justere seg, og privatpersonane har kutta kostnadane sine og handla i lokale bedrifter. Det viser igjen hos våre kundar. Pengemengda hos folk flest har aldri vore høgre, og vi har aldri sett så høge innskot.  Vi ser også at bustadsalet raskt tok seg opp etter ein stopp i mars/april. 2020 har gått overraskande bra, seier administrerande direktør Stig Brautaset i SpareBank 1 Søre Sunnmøre til FinansWatch. 

Om ein ser på den underliggjande bankdrifta var 2020 betre enn 2019 og 2019 betre enn 2018. Netto renteinntekter inkludert provisjon frå kredittføretaka auka frå 178 millionar kroner til 180 millionar kroner. Samstundes vart driftskostnadane redusert med 2,9 prosent i fjor.

Likevel viser den førebelse årsrekneskapen eit resultat etter skatt på 122,9 millionar kroner som er 32 millionar kroner lågare enn året før. Forklaringa til det er ekstraordinære finansinntekter etter sal av aksjar og fusjon i første kvartal 2019.

Brautaset meiner også det er overraskande å levere ein så sterk utlånsvekst som dei gjorde i fjor. 

– Det er overraskande å levere så sterkt som 8,2 prosent i utlånsvekst. Vi hadde ein litt treg start på året med svak vekst i første kvartal. Så kom Covid-19 og vi følte ansvar for å setje ned utlånsrentene med ein gong. Innskotsrentene følgde ikkje etter, og prisen på kapital var høg. I første halvår var vi også veldig usikre på grunn av marknaden for olje- og offshorenæringa som er viktig i vårt område. Frykta for å gå på store tap i andre halvår var reell, men det har ikkje skjedd. Vi har vore tett på kundane og er imponert over korleis dei har klart seg så langt. For eigen del opplevde vi å henta inn igjen det tapte og vel så det i andre halvår, seier Brautaset.

Han understrekar at det er viktig ikkje å vere blåøygde og avblåse faren heilt enno. 

– Det er klart at ting kan ha demma seg opp og vi kan få negative utslag både i 2021 og 2022. Våre vurderingar og analyser viser likevel at vi har grunn til å vere betinga optimistar, seier han. 

85 prosent av bankens balanse er personlån, og Brautaset meiner dei også har god kontroll på bedriftsutlåna.  

– Vi har god soliditet og gjort avsetningar. Slik sett skal vi vere godt sikra. 

Banken har ei kjernekapitaldekning på 18,4 prosent og ligg dermed godt over regulatoriske krav. 

– Vi er kanskje litt oversolide, men vi vil også vere godt over krava. Vår filosofi er litt “skomaker bli ved din lest”. Vi ser vi kan ha vekst på 8-10 prosent i vårt område, så vi ser ikkje stort behov for å utvide no, seier han.  

Styret føreslår for 2020 eit kontantutbytte på 5 kroner per eigenkapitalbevis, totalt 5 millionar kroner. I tillegg er det føreslått ei avsetning til gåvefondet på totalt 10 millionar kroner på bagrunn av 2020-resultatet. 

Del artikkel

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Vær i forkant av utviklingen. Få informasjon om det siste fra bransjen med vårt nyhetsbrev.

Vilkår for nyhetsbrev

Forsiden akkurat nå

Les også