Resultatnedgang for Sparebanken Sogn og Fjordane 

Banken har fortsatt sterk vekst i innskot og utlån, og har også redusert kostnadane.
Foto: Pressebilde.
Foto: Pressebilde.

Sparebanken Sogn og Fjordane melder om eit resultat før skatt på 170 millionar kroner for fjerde kvartal, ned frå 183 millionar kroner i 2019, og ein eigenkapitalavkastning på 10,1 prosent.  

For året samla enda resultat før skatt på 571 millionar kroner, ned frå 696 millionar kroner, noko som gir ein eigenkapitalavkastning på 9,1 prosent.  

Netto renteinntekter enda på 233 millionar kroner i kvartalet, ein reduksjon på 15 millionar kroner frå same kvartal i 2019, men ein auke på 10 millionar kroner frå førre kvartal.  

Banken har framleis ein sterk vekst i innskot og utlån. 12 månaders vekst for utlån til privatmarknaden enda på 6,9 prosent, medan for utlån til bedriftsmarknad er 12 månaders vekst på 9,1 prosent. 

Andre driftsinntekter eksklusiv finansielle postar på 37 millionar kroner er 1 millionar kroner lågare enn i same kvartal i fjor. Finansielle postar enda på 27 millionar kroner. Kostnadane er redusert med 5 millionar kroner frå same kvartal i fjor, og er på 127 millionar kroner.  

– Delar av kostnadsreduksjonen kan relaterast direkte til Koronapandemien. Banken har også gjennomført eit kostnadsprosjekt som skal gi låg kostnadsvekst også framover, skriv banken i kvartalspresentasjonen. 

Samla tapsavsetning for konsernet er på -1 millionar kroner for kvartalet og 112 millionar kroner for året under eitt.  

– Samla for året har vi gjort tapsavsetningar tilsvarande 0,2 prosent av brutto utlån, skriv banken.  

Konsernet har ved årsskiftet rein kjernekapitaldekning på 16,0 prosent og total kapitaldekning på 18,9 prosent. Dette er under føresetnad av at utbytte og gåveavsetning blir vedtatt i generalforsamling i tråd med styret sitt forslag på 6 kroner pr eigenkapitalbevis i utbytte og 12 millionar kroner i avsetning for gåver. 

Del artikkel

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Vær i forkant av utviklingen. Få informasjon om det siste fra bransjen med vårt nyhetsbrev.

Vilkår for nyhetsbrev

Forsiden akkurat nå

Les også