2020 gav vekst for Tysnes Sparebank

Tysnes Sparebank melder om eit resultat etter skatt på 8,4 millionar kroner for fjerde kvartal 2020 mot 5,9 millionar kroner for same kvartal i fjor.
Netto rente- og kredittprovisjonsinntekter i kvartalet var på 15,4 millionar kroner, ned frå 16,1 millionar kroner fjerde kvartal 2019.
Eigenkapitalavkastinga etter skatt for kvartalet vart 8,2 prosent, samanlikna med 9,6 prosent for same kvartal i 2019. Rein kjernekapital var på 16,7 prosent ved årsskifte, ned frå 17,2 prosent ved utgangen av 2019.
Netto rente- og kredittprovisjonsinntekter i 2020 var på 62,6 millionar kroner, opp frå 61,2 millionar kroner året før. For heile 2020 fekk banken eit resultat på 27,6 millionar kroner etter skatt mot 27,8 millionar kroner i 2019.
– Årsaka til inntektsauken er at fleire kundar har valt Tysnes Sparebank som sin hovudbank, noko som har resultert i auka rente- og provisjonsinntekter. Vi er godt nøgde med resultatet for 2020, eit år som vart svært spesielt for alle. Det er i tider som no at vi ser at mange kundar ynskjer å bruke den lokale banken der det er lokalkjente medarbeidarar, seier banksjef Dag Sandstå i kvartalsrapporten.
Banken har registrert auke i tal misleghaldne lån samanlikna med 2019. Dette, kombinert med at banken har gått over til ny rekneskapsstandard (IFRS9), har gjort at det for 2020 er avsett om lag 8 millionar kroner til konstaterte og mogelege framtidige tap.
– Banken har hatt ein god start på 2021. Det er god vekst, men driftsmarginane er under press. Det er framleis usikre tider med tanke på den økonomiske utviklinga for landet. Tysnes Sparebank er godt rusta i høve til dei usikre tidene vi er inne i, seier Sandstå.
Etter sterke tilrådingar frå styresmaktene har banken i år innstilt på at utbytte per eigenkapitalbevis vert avsett til Utjamningsfondet slik at utbyte kan utbetalast på eit seinare tidspunkt dersom situasjonen tilseier det. Avkastning per eigenkapitalbevis er på 8,2 % for 2020.